Åpningstider

Lørdag: 10-16
Søndag: 10-16
Vinterferien: 10-16
Påskeferien: 10-16

Snømengde

Bunnen: 100 cm
Liten heis: 100 cm
Stor heis: 100 cm
Fjellheis: 80 cm
Webcam fra Stavtjørn
Webcam fra Stavtjørn
Klikk for å se større bilde

Aktuelt:

Søndag 25.januar-15

Søndag 25. januar-15
Velkommen til ny dag i flotte forhold og 5 cm med nysnø på Stavtjørn (se webkamera)  :-D
Vi har nå laber bris, opphold og minus 1 grad.(kl.5.10),
Alle heiser i drift, 3 hopp i parken.  :-D
Minner om at rød og grønn langrennsløype er oppkjørt fra skitrekket – se løypekart på http://www.destinasjon-stavtjorn.no/

Lørdag 24.januar-15

Velkommen til ny dag i flotte forhold på Stavtjørn!

Det har kommet 20 cm med nysnø siste døgn. Vi har nå laber bris, opphold og minus 1 grad.(kl.6.20),

Alle heiser i drift, 3 hopp i parken.

Minner om at rød og grønn langrennsløype er oppkjørt fra skitrekket – se løypekart på linken på venstre side.

Torsdag 22.januar-15

Snapchat-4361034504636877775Snapchat-3638091548938346635Snapchat-2183113309244361373Snapchat--1672388213093884699Nydelig dag på Stavtjørn  i minus 10 grader og stålende sol.

For en dag….

Eventyrleg skidag på Stavtjørn

Eventyrleg skidag på Stavtjørn

Det er lenge sidan det har vore så mykje liv og røre i bakkane på Stavtjørn som det var sundag. FOTO: Egil Gjedrem

Sjølv om nesten halvparten rann gratis, sørgde nærmare 1.300 sundagsgjester for rekordomsetning ved Stavtjørn Alpinsenter.

Tekst:
Keth Odland/ Dalane Tidene

– Heilt eventyrleg, lyder den glade kommentaren frå Elin Tjetland Bjordal ved Stavtjørn Alpinsenter.

Ho driv senteret i lag med ektemannen Steinar Bjordal.

– Omsetninga i dag er den største me har hatt sidan me overtok drifta i 2007, og det sjølv om nesten halvparten av dei besøkjande har runne gratis, som ledd i DNB-arrangementet Open bakken. Totalt vil eg anslå at me har hatt mellom 1.250 og 1.300 personar i trekket i dag, seier Elin Tjetland Bjordal og held fram:

– Sola har òg stukke innom, og, det beste av alt, det har vore vindstille. Fjellheisen har i helga vore i drift for første gong denne sesongen, og i dag var det så å seia ikkje eit vindpust på toppen.

Sjølv med så mykje folk i bakkane, var det ikkje avskrekkande lenge å venta på tur i heisen, ifølgje Egil Gjedrem, ein av dei som brukte den fine januardagen på Stavtjørn.

For å få plass til alle bilane måtte alt av tilgjengeleg parkeringsplass takast i bruk.

– Parkeringsvakter dirigerte bilar inn på hytteparkeringar og andre plassar me fekk låna. I tillegg stod bilane langs vegen nedover i retning Grøtteland. Enkelte blei nok litt fornærma for at dei måtte gå så pass langt, men dei aller fleste gav uttrykk for at dei syntest det var eineståande gildt at alpinsenteret endeleg kunne få ein skikkeleg god dag, seier Tjetland Bjordal.

Så snart trekket stengde for dagen, gjekk driftspersonellet i gang med å førebu ny snøproduksjon.

– Me har fått gledeleg mykje natursnø dei siste dagane, men i terrengparken gjer det seg med litt kunstsnø. Derfor må me nytta sjansen nå som det er meldt stabilt kaldt vêr ei stund framover, forklarer Elin Tjetland Bjordal.

Se bildet større

Alt av tilgjengeleg parkeringsareal blei teke i bruk, inkludert vegkanten. FOTO: Egil Gjedrem

 

les flere nyheter